onsdag 9. september 2009



Tittel: Lille Frøken Detektiv Tyven på ballettskolen
Forfattar: Carolyn Keene
Sidetal: 78
Boka handlar om: Nancy går på ballettskule. Balettskulen som Nancy går på skal ha Peter Pan-skodespel, men cden blir borte. Alle trur det er Bess som er tyven. Nancy skal finne ut av det.
Kva synest eg om denne boka: Boka er bare heilt fantastisk. Terningskast seks.

tirsdag 8. september 2009


Tittel: Tonje Glimmerdal
Forfattar: Maria Parr
Sidetal: 281
Boka handlar om: Den handlar om Tonje Glimmerdal som har ein besteven som heiter Gunnvald på 74 år. Også plutseleg ligg Gunnvald på sjukehus med broten lårhals. Tonje er det einaste barnet i Glimmerdalen, men ho får tre vener som heiter Ole, Bror og Gitte. Det er ein mann som heiter Klaus Hagen som har ein campingplass der det ikkje er lov med barn og bråk. Tonje hoppar på ski og trynar eit par gongar. Gunnvald har ein hemmelighet som Tonje ikkje veit om, men ho får til slutt vite det. No kan eg ikkje skrive meir for du må lese sjølv.
Kva synest eg om denne boka: Den er veldig morsom og andre bør lese den. Maria Parr er veldig flink til å skrive bøker.
Terningkast seks!!!!

søndag 16. august 2009

Verdas finaste lappar




Tittel: Verdas finaste lappar.
Forfattar: Liv Oddrun Laren.
Sidetal: 47
Boka handlar om: Synne som oppdagar ein lapp i pennalet sitt der det står at ho er søt. Kven av guttane kan ha skreve det?
Kva synest eg om denne boka: Boka er morsom. Terningkast: FEM.

søndag 24. mai 2009

Kaja og Stine tar saken



Tittel: Kaja og Stine tar saken.
Forfattar: Line Baugstø
Sidetal: 48
Boka handlar om: Stine og Kaja har eit detektiv-byrå som heiter To små blå. Naboens katt har blitt borte, og Kaja og Stine vil selvfølgelig løse det problemet. Katten forsvinn inni skogen når det er mørkt, og då får Kaia og Stine eitt problem.
Kva synest eg om denne boka: Eg synest boka er spennende. Eg las den for Iver: Han likte den veldig godt.

onsdag 20. mai 2009

Lille Frøken Detektiv GÅVEMYSTERIET



Tittel: Lille Frøken Detektiv GÅVEMYSTERIET
Forfattar: Carolyn Keene
Sidetal: 79
Boka handlar om: Alle i klassa til Nancy Drew får en gåve av ein hemelig julenisse, men Nancy får ingen gåve.
Nancy skal finne ut kvifor hun ikkje har fått noen gåve
Kva synest eg om denne boka: Eg synes boka er spenende og morsom.

tirsdag 19. mai 2009

TAEKWONDO HJELPER IKKE MOT SPØKELSER; LISE BLOMQUIST



I TAEKWONDO HJELPER IKKE MOT SPØKELSER FÅR VI HØYRE OM NOKON SOM HELD PÅ Å LÆRE SEG TAEKWONDO. DEI ER PÅ LEIR PÅ EIN GAMAL LÅVE. I SKOGEN LIKE VED TRUR DEI DET ER EI KVIT DAME OG EIN MANN SOM VIL HOGGE AV DEI HODET. DET ER VELDIG SPENNANDE. DET FINST FLEIRE TAEKWONDO-BØKER.